Velg en side

Josefine og Gerhard 1916 – 1968

 

Då eigaren av bruket, Gerhard Eidså kom heim frå Amerika tok han til å dyka opp denne eigedomen. Eigedomen hadde berre udyka mark. I sogeboka står det: «Alt arbeid vart gjort med spade og hakke, men noko av myrgjorda pløgde han opp med hest. Han tok og opp 1,8 km grøfter med hand og eit lite bekkefar var sett med stein og dekt over i 160 m lengd.»

Før 1950 var det først og fremst gras som vart produsert, men i tillegg vart det også dyrka ca 100 tønner med poteter.

Bildet viser hele familien Gerhard. Fra venstre Melvin, Margaret, Elna, Karl Endre og Magnus. Historien sier at minstemann ikke er så fornøyd fordi han satt seg i ei bøtte med vann.

Bruket vaks mykje sidan dei starta i 1920 med berre ei ku og ei kvige. Ti år seinare var budskapen på 1 hest, 4 kyr og 6 sauer, i 1950 på 1 hest, 7 kyr og 8 ungdyr.

På maskinsida var det ein voldsom revelusjon. I 1940 vart det bygd gras-silo, og i fjøset var det mjølkemaskiner, kjøleanlegg og mjølketankanlegg. Etter 1950 var drifta sterkt mekanisert med traktor, gjødsel-lessar, gjødselspreidar og tankspreidar – den første i Syvde sokn.

Ingeborg og Melvin 1942 – 1983

Melvin Eidså (son til Gerhard Eidså) gifta seg med Ingeborg Dale frå Tovdal på Sørlandet. Dei budde først på Sørlandet. Under krigen vart han spurd om å jobbe på eit tyskaranlegg, men han skreiv heim til far sin at han skulle be han kome heim og hjelpe til på gardsbruket. Jordstyret anbefalte det, og han kom heim med familien. Når krigen var slutt søkte han om byggeløyve til nytt hus. Han fekk byggeløyve og fekk tømmeret frå Dale i Tovdal.

I 1967 var det på 10 kyr og 22 ungdyr med ei mjølkemengde på 48.000 l. Som attåtfor var det nytta tang og i 1961 fekk garden 2 førstepremiar for kyr.

 

Ragnhild og Jo Grunde 1983 – i dag

To generasjonar dreiv kvart sitt bruk fram til 1970 då Melvin tok over alt.

Neste generasjon driv garden den dag i dag. Jo Grunde tok over 1983, reiv loven til Gerhard og bygde eit nytt fjøs saman med loven som vart bygd av Melvin. Her var det plass til 15 kyr + ungdyr. I løpet av denne perioda vart silo erstatta med rundballar.

I 2007 vart det igjen påbegynt på eit nytt fjøs. Det har plass til 40 kyr i lausdrift og er i drift den dag i dag av Ragnhild og Jo Grunde Eidså.